Tenester

 

Startside
Tenester
Studio
Aktuelt
Arkiv
Kontakt
English
Scene
Links

 

Historie

Studioet vart etabler våren 2002 i eit tidlegare bedehus. Lokala er ombygd til lyd-tekniske formål og har gjennom åra fått den rette designen/funksjon med erfaringar som er gjort.
Motiva for å ta kontakt med eit lydstudio kan væra så mange, men same kva det måtte væra vil me væra med å finne løysningar.
Teoretisk grunnlag for denne aktiviteten vart bla. lagt hos NISS (Nordisk Institutt for Scene og Studio) samt praksis i eiga studio sidan 2002.

Me kan tilby løysningar for heile prosessen frå innspeling, miksing, pre-mastring mm. fram til ferdig CD. Alt i same bygning. Sjå nedanfor tilbod me har:

 

Tenester

Prisar

Timepris 300,- inkl. mva.
Ved større oppdrag kan me gje pakkepris/ fast pris som gjev rabatt i forhold til denne time prisen.
Dei fleste tenestene er timebasert men ikkje alle. Ta kontakt.

________________________________________________________

Produksjon av CD (musikk, tale)

Ei innspeling kan krevje ein del førebuing og tilrettelegging slik at ein nyttar tida godt når kundar er i studio.

Systematikk, mikrofonplassering, utprøving av alternativ samt eit godt arbeidsmiljø er vel så viktig som det tekniske utstyret som skal betenast.

Produksjon av lyd til film, bilde (lydkulisser)

Behovet for lydar frå eit miljø eller kan være nødvendig for å skape eller forsterke den ynskja atmosfæren i ein film, bildespel, teater/revy,
Me skaffar lydar frå eige eller eksternt lyd-bibliotek. Viss det manglar kan me skaffe det enten ved å gjere opptak eller

Komplette lydfiler med element ein ynskjer (musikk, lydeffektar), kan me sy saman slik at den passar med bilete/ film.

Me tar ikkje DVD kopiering eller redigering av film.

Restaurering/ overføring av gamle opptak

I denne typen arbeid er det mykje som kan gjerast. Vanlig framgang er som regel slik:

Fase 1: Overføring/ digitalisering av gamle innspelingar. Gamle spoleband, kassettar, LP plater, DAT, MiniDisk mm.

Fase 2: Oppdeling i naturlige spor slik at det vert rask å finna tilbake til ønska område i opptaka. Innhaldsliste

Fase 3: Restaurering av lyd kvalitet med reduksjon av støy som kom frå det originale mediet. (Knitter, brumming, sus osv.)

CD plater som har slitasje etter mykje bruk kan ein også til ein viss grad reparere og hente ut data av. Det kan være verdt eit forsøk viss det er innspelingar som er vanskeleg å få tak i.

Kopiering av CD plater.

Ved behov for kopiering har me løysning som raskt kan brenna CD plater både til data eller audio behov. Alt etter kva behov ein har kan dette gjerast på vanlege eller CD plater med label print.

Design av CD cover og label (farger) Innpakning av produktet.

Viktig for eit komplett produkt er innpakningar av CD plata. I studio kan ein designe trykk på CD-plata (CD-label) og designe papiret (cover) som skal være inne i boksen (Jewel case eller slimcover)

Eit trykkeri er den naturlige plassen å trykke større mengder å få den siste finish på det trykka mediet, men prøv ut idear og sjå kva alternativ ein kan skapa før ein går i trykkeri. Viss det behov for rask levering

Live arrangement

I forbindelse med konsertar eller lokale arrangement kan me tilby løysningar der me tar med utstyr og gjer lyd opptak. Det er 2 løysningar for dette:

* Gjennom 16 spor direkte kopla til PA-miksar.
* Stereo opptak gjort i rommet med stereo-par mikrofonar. (Meir live-lyd)

Vidare behandling kan væra miksing og pre-mastring slik at ein har eit godt opptak frå hendinga.

Kreative tenester

Forutan å vera dagleg ledar av Wallcon Lydstudio er også Bjørn Otto Wallevik aktiv musikar og har god erfaring som låtskivar og produsent. Hovudinstrument er gitar og vokal men har også erfaring med bass og trommer. Treng du ein allsidig musikar eller å få komponert musikk til eit eller anna kan Bjørn Otto sikkert hjelpa.

 

Send e-post til bo@wallcon.no med spørsmål om eller kommentarer til dette Web-området.
Organisasjon nr.: 982 951 534 MVA
Sist endret: 06 april 2009