Eit studio. Fleire moglegheiter. Alt på éin stad.
Me tilbyr profesjonelle og lydisolerte innspelingsrom tilpassa mange ulike behov, enten du jobbar med solovokal, instrument, band, korps eller kor. Romma våre og fasilitetene er lagt til rette for å gi gode arbeidsforhold og eit stabilt utgangspunkt for gode opptak. Hos oss får du meir enn berre tilgang til eit lokale – me legg til rette for at heile prosessen kan gjennomførast på éin stad. Frå innspeling og vidare arbeid med lyd til miksing og mastring, følgjer me deg gjennom dei ulike stega slik at du kan utvikle og ferdigstille prosjektet ditt på ein effektiv måte.
Eldre opptak er ofte lagra på medium som med tida blir slitne og mindre pålitelege, noko som aukar risikoen for at verdifullt innhald går tapt. Vi tek vare på originalmaterialet ditt ved å konvertere det til digitale filer av høg kvalitet, slik at det blir enklare å bevare, organisere og ta i bruk vidare. Dei digitale filene er klare for både trygg lagring og enkel deling, og gir deg eit varig og fleksibelt format som kan nyttast i mange samanhengar framover.
• LP, singel og 78 plater • Spolebånd • Kassett (MC) • DAT
• Mini Disc • CD • VHS, VHS-8, Hi8 • 8mm (super) film (positiv)
Har du dokument som med fordel kan digitaliserast? Me tilbyr skanning av ulike typar materiale og har fleire skannarar som kan handtere forskjellige format, opptil 55 x 40 cm. Dette gjer det mogleg å digitalisere alt frå enkle ark til større dokument, med fokus på god kvalitet og bevaring av innhaldet. Resultatet er digitale filer som er enkle å lagre, organisere og dele, samstundes som originalane dine blir tekne godt vare på. Skanning gjeld også for foto negativer i ulike format.
Kva kan kunstig intelligens bidra med i di bedrift? Me har testa og utvikla solid kompetanse innan ulike KI-verktøy, og tilbyr rådgjeving til verksemder som ønskjer å utforske moglegheitene. Gjennom praktisk rettleiing hjelper me deg med å identifisere område der KI kan effektivisere arbeidsprosessar, spare tid og utnytte ressursane betre, slik at du kan ta informerte val og få reell nytte av teknologien.
Har du spørsmål om tenestane våre, eller vil du diskutere korleis vi kan hjelpe deg med prosjektet ditt? Ta kontakt med oss, så finn vi ut av det saman!
Kontakt oss →